Sport

Seniorane er ikkje redde for å riste seg laus og sleppe tak. Dansemovet "Stjerna" er ein favoritt blant deltakarane.

– Vi held oss i live!

I seks år har Idrett Bergen Sør haldt linedance treningar for seniorar på Nesstun eldresenter. Dette kan vere ein stor faktor i arbeidet mot einsamheit blant eldre, seier stipendiat Reidun Holmberg Aunsmo.

Publisert Sist oppdatert
Drågum seier ho vert glad for å sjå påverknaden linedance har på deltakarane

Kvar mandag sidan 2018 har Idrett Bergen Sør, i samarbeid med stiftelsen SESAM, arrangert linedance for seniorar. I den gamle kantina på Nesttun eldresenter held idrettspedagog Inga Hallingbye Drågum ei 45 minutter lang treningsøkt med ulike bevegelsar for å bevare og betre helsa for eldre. 

Dette har utallige fordelar for deltakarane, meinar Drågum.

– Det er mange helsefordeler. Det er balanse. Det er hukommelse. Du blir sterkare i beina, noko som er spesielt viktig for eldre med svakare muskulatur, seier Drågum.

Tilbodet er ikkje berre fysisk, poengterer Drågum.

– Det er og veldig mange eldre som er einsame, då kan det vere viktig å ha ein fast avtale å gå til, seier Drågum.

I nokre tilfeller må seniorane bruke stol for å halde balanse, for deltakarane denne mandagen er fleksibilitet og balanse ingen problem.

Auking av eldre einsame 

Ragnhild Holmberg Aunsmo seier det er viktig med ein sosial omkrets ein bryr seg om.

ABC-modellen

ABC står for "Act", "Belong" og "Commit". Modellen sett fokus på kva som skal til for å få best mogleg mental helse.

I følgje forsking gjort av Aldring og helse er det truleg at antalet eldre som følar seg einsame vil stige frå 180 000 i 2020, til 380 000 i 2050, på grunn av ei aukande mengde eldre. 

Stipendiat Ragnhild Holmberg Aunsmo ved Nasjonalt sener for Aldring og Helse, skryt av tilbod som får eldre ut av huset og inn i sosial omgang. 

– Eg ser berre positive ting med sosiale tilbod for eldre. Du har ein plass å møtast og bli kjend med nye, dette motarbeider jo einsamheit! seier Aunsmo.

Aunsmo dreg fram ABC-modellen som forklaring på kvifor tilbod med faste tider er spesielt bra.

– Det vert ei heilheit i det: aktivitet og at ein skal gjere det saman. Så er det eit snev av forpliktelse med faste tidspunkt som gjer at du på ein måte vert tvungen til å bli med, seier Aunsmo.

– Om du er ei gruppe som driv med linedance, er det trist om du plusseleg ikkje møtar opp. Då vil jo dei andre deltakarane sakne deg! seier Aunsmo.

Aunsmo seier at det er fleire samanhengar mellom einsamheit og demens, og forskar no på om fysisk aktivitet kan forebygge demens.

– Eg kan ikkje seie at fysisk aktivitet forebyggar demens, men det er likevel serdelast viktig, påpeikar Aunsmo.

Enkelt opplegg, stor effekt

– Det er ikkje berre styrke og bevegelse, men også den sosialiseringsbiten, som er viktig for mange, seier Drågum.

Sidan tilbodet vart starta i 2018 har det vore mykje ulike folk inn i den kamle kantina, men nokon gjengangarar har det blitt.

Minne Marie Mjelde og Turid Løvoll seier at påske, jul og sommarferie er dei verste periodene: Då får dei ikkje danse!

– Eg har dansa heile livet, så når eg kan kome hit og danse gjer eg selvgølgeleg det. No har eg dansa her i 3 år, seier pensjonist Minne Marie Mjelde.

Når Minne først tok nytte av tilbodet kjende ho ingen. No 3 år seinare har ho fleire vennar i linedance-gruppa. Ein av desse er Turid Løvoll.

– Eg kjende jo ikkje Minne før eg kom hit, no er vi gode vennar, seier Løvoll med eit smil om munnen.

Dans er den beste trimmen

– Å vere fysisk aktiv samtidig som du må bruke hjerna og hukommelsen, er noko av det beste du kan gjere for kroppen. Då er jo dans perfekt! seier Inga Drågum.

Minne og Turid er heilt enige i påstanden, og snakkar over kvarandre når dei diskuterar kven av dei som har dansa mest.

– Eg har dansa heile livet! Ektemannen min likar ikkje å danse, så det er supert å kome hit og danse med Inga, seier Minne. 

Turid har og likt dans heile livet, og med spørsmål om korleis ho likar tilbodet med linedance er ho tydeleg:

– Det er kjempegøy! Eg skulle ynskje det var enda meir dans!

På denne treninga var det 10 seniorar, sjølv med ferre antal enn vanleg var stemninga på topp.
Powered by Labrador CMS