Sport

Silje fortel at det er typisk at ho alltid skadar seg, og sett stopp for stupinga.

Tok NM-gull etter karriereendrande skade - no står alt i fare

Etter å ha jobba seg tilbake fra ei alvorleg kneskade, risikerer stupar Silje Monsen Welander (23) å måtte starte vegen tilbake på nytt, igjen.

Publisert

Sommaren 2023 vart framtida til stupar Silje Monsen Welander snudd på hovudet. Dette var ikkje første gong. 

Året før hadde ho nemleg brukke beinet. Då var det ein lang veg tilbake til stupetårnet. Rett etter ho var tilbake, skada ho seg igjen.

–  Vi skulle berre sjå kven som kunne hoppe høgast på trampolina, så mista eg balansen og fortsatte å hoppe. Plutseleg var kneet ut av stilling, seier Welander. 

Omfanget av feillandinga var alvorleg. Fallet resulterte i at korsbandet og leddbanda rauk, i tillegg til eit brot i kneet. Vegen tilbake til stupetårnet ville bli lang.

– Eg måtte belage meg på at eg ikkje kunne kome tilbake til stupinga. Det hadde vore forferdelig tenkte eg, stuping er jo ein del av livet, forklarar ho.

Welander fortel at ho kan kjenne at kneet er laust, og at det er ein ubehageleg kjensle.

Vann NM-gull

Det legane og fysioterapautane sa ville ta eit år, tok tre månadar. 23-åringen var tilbake i svømmehallen. Då var hovudfokuset grunnleggjande øvelsar for å sakte jobbe seg tilbake. 

– Først måtte eg berre symje mykje, og sjå på dei andre i klubben bli betre. Det var veldig kjipt, seier ho. 

I tillegg til resten av klubben, vart og tvillingsøstra Tonje plutseleg betre enn ho.

– Det verste var å sjå Tonje bli betre enn meg i det eg vanlegvis slår ho i, erkjenner Welander.

Men Tonje skulle vise seg å bli ein viktig del av håpet for framtida, da tvillingsøstrene deltek i synkronstup saman.

– Eg hadde ikkje klart å kome meg tilbake utan støtta hennar, fortel ho.

Den 9. mars deltok Welander i NM i stup. Den sure kjensla etter å miste pallplassen i individuelt stup, vart fort erstatta da ho tok sitt første NM-gull saman med tvillingsøstra.

– Nokon stup individuelt gikk skeis, men det var veldig deilig at synkron satt på plass, smilar Welander.

Silje og Tonje samla totalt 206,94 poeng i synkronstup. Dei som tok andre plass endte med 183,66 poeng.

Fare for ei ny rehabiliteringsperiode

Sjølv med eit NM-gull på CV-en, er ikkje det sjølvsagt at 23-åringen kan konkurrere i neste års NM. Årsaken skuldast at leddbandet som rauk sommaren 2023, ikkje er slik det skal vere.

Etter kneskada var Welander to veker på sjukehuset, og hadde fleire operasjonar.

– Eg fekk ein donorgraf, altså nokon sin akilles som no er mitt korsband, forklarar ho.

Leddbandet derimot vart ikkje erstatta, men sydd saman.

– Sidan det vart sydd saman, er det laust no. Det gjer at eg truleg må operere igjen for å rekonstruere kneet, seier Welander. 

Om ho må gjennomgå enda ein operasjon, må ho starte rehabiliteringa på nytt.

– Det er mest ork. Det er leit å måtte byrje på nytt igjen, seier ho.

Ikkje første gongen

Paul Joachim Broch Thorsen er trenar, og halt treninga der Welander gjekk i bakken.

– Akkurat der og da var det ikkje lett å sjå omfanget av skada, men når eg såg kor laust kneet var, forstod eg kor alvorleg det var, seiar trenaren. 

Trenaren har fulgt 23-åringen tett heile vegen, og har hjelpt Welander tilbake frå fleire skader.

– Eg tenkte: "Helsikke, ikkje ho igjen". Å ha to alvorlege skader på under fire år fortjente ho verkeleg ikkje, seier Thorsen.

Trenaren fortel at han ikkje ville be Welander om å stupe svikt etter skadene sine, men berre stupe tårn.

Slakkar ned synkronsatsing

Dersom Welander må operere kneet på nytt, setter det ein brems for synkronstupinga.

– Når eg jobba meg tilbake frå kneskada, fekk ikkje Tonje stupe noko synkron. Om eg no må operere på nytt, blir det dumt for ho igjen, seier 23-åringen. 

Heldigvis vil rehabiliteringsperioda bli kortare denne gongen.

– Etter ein ny operasjon må eg gå med skinne i seks veker. Forrige gong måtte eg bruke det i tre månadar, seier ho. 

Alle operasjonar har sine risikoar, og Welander er redd for at noko skal skje under operasjonen som sett stopper for stupekarriera.

– Eg vil ikkje at ein operasjon skal stoppe meg i å stupe. Eg vil det skal vere mitt eige val, fortel ho. 

Positiv til framtida

Dersom stupinga ikkje fungerar, har Welander ein solid back-up-plan.

– Eg er trenar også, og det likar eg veldig godt. Når eg til slutt gjer meg med stuping vil eg fortsette med å vere trenar, forklarar ho.

Trass i at vegen tilbake var lang og hard, og at ho kanskje må gjennom det same igjen, seier Welander at ho lærte mykje.

– Eg lærte at ein aldri må gje seg, for det ordnar seg alltid til slutt. Når det er noko man vil, så går det, avsluttar 23-åringen. 

Powered by Labrador CMS