Kultur

Ida Klem fortel at monologen vil ta for seg illegal abort, skjulte forhald og kvinna si rolle i samfunnet

Premiere på kvinnedagen: Teaterstykke utforskar kvinneleg begjær og abort

Teaterframsyning basert på ein 60-siders monolog vart utselt sju veker før premieren, trass i at manuset framleis var under utvikling.

Publisert Sist oppdatert

I 1947 fekk Torborg Nedraas gjennombrot med romanen "Av måneskinn gror det ingenting", der ho skreiv i detalj om ein sjølvframkalla abort. På sjølvaste kvinnedagen, 8.mars, skal Ida Klem framføre ei rå dramatisering av romanen i form av ein 60-siders monolog. Nesten 80 år etter romanen vart skriven, vert framsyninga vist i det gamle malarsalen på Den Nasjonale Scene.

– Då boka kom ut var den grensesprengjande. Den kom før abortlova på 70-talet og før kvinnefrigjeringa, seier Klem.

Vil skapa sterke reaksjonar

Abort og kvinnesak er engasjerande tema. Klem håpar på å vekkje kjensler blant publikum ved å gå tett på tilskodarane og snakka direkte til dei i det opne kunstrommet.

– Publikum kan ikkje gøyme seg. Det vil nok gjere at dei får ei nær tilknytning til det som skjer på scena. Eg håpar at dei går gjennom heile kjensleregisteret og kjenner på det som både er vondt og fint, seier Klem.

«Av måneskinn gror det ingenting» tek Klem publikum med gjennom eit heilt liv. Både oppturar og nedturar. Klem fortel at stykket endrar uttrykk, basert på kva kjensler den enkelte legg vekt på. 

– I dag kjennast stykket ut som ei kvinnesak, medan andre dagar kjennast det ut som å vere hekta på kjærleik. Håpet med stykket er å klare å lage ei framsyning som berører forskjellige aspekt ved livet.

– Stykket er om en kvinne som skal dø snart. Vi får høre heile livshistoria til kvinna, seier Klem

Aktuell og viktig

Til trass for at Nedreaas skreiv sin roman i etterkrigstida, fortsett romanen å halde seg gjeldande, ettersom sjølvframkalla og ulovlege abortar fortsatt skaper debatt, og har skuld i tragiske skjebnar.

– Stykket er desverre relevant i dag, då 22.000 kvinner døyr kvart år av illegal abort på verdensbasis, seier Klem.

– For Nedreaas handler det ikkje berre om fri abort og at det skal vera medisinsk forsvarleg, men også at det er eit val å behalda barnet. Om ein vil ta abort skal ein få lov til det, men om du vil ha barnet skal det vere sosiale ordningar for det, slik ein ikkje vert tvungen til å stå i eit dilemma, seier Klem.

Allereie før manuset var ferdig, var alle tolv framsyningane til det intime lokalet utselte. Dette meiner Klem kan vere på grunn av kjennskapen til forfattar Torborg Nedreaas, i tillegg til handlinga og stykkets aktualitet.

– Vi hadde ikkje nokon tidlegare framsyningar å vise til, så det er utseld på grunn av tittelen. Det vart utselt før prøvene starta og manuset var klart, det var overaskande og selvfølgelig gøy seier Klem.

– Ein ny vår

Iversen seier at gode opplevingar blandt publikum gjer at enda fleire bestillar bilettar.

«Av måneskinn gror det ingenting» er ikkje det einaste stykket ved Den Nasjonale Scene som er utseld. På grunn av den store interessa for stykket som premierar på kvinnedagen, sett teateret opp fleire framsyningar for å fylle etterspørselen. Dette er teatersjef Solrun Iversen svært nøgd med.

– Vi er kjempeheldige og privilegerte i at publikum er interessert i alle framsyningane våre, seier Iversen.

Etter fleire år med korona fortel Iversen at interessa for teateret har byrja å veksa att. 

– Det er først i nyare tid nytt at folk er interessert i alt vi tilbyr, spesielt no etter ein pandemi. Vi opplever ei oppblomstring av interesse og det kjennast som ein ny vår er på veg, avsluttar Iversen.

 

Powered by Labrador CMS