Kultur

Eirik Aas meiner musikkbransjen har endra seg. – Det er mange om beinet og få plassar, seier han.

– Mykje vanskeligare å slå gjennom som artist no enn før

Artistar slit med å passa inn i sosiale medium. – Me er ikkje influensarar, me er musikarar.

Publisert Sist oppdatert

– I starten var eg flau over at eg heldt på med hiphop. Eg sa det ikkje til foreldra mine eingong, fortel 28-år gamle Eirik Aas når me treffer han i barndomsheimen på Eidsvågneset.

Aas var 16 år då han fann lidenskapen for hiphop. Han vart etterkvart kjend med fleire ungdommar frå Bergen sentrum som interesserte seg for musikk, og saman starta dei musikkgruppa Hester V75. 

– Me var ein gjeng med hiphop-interesserte som ikkje følte oss som typiske rapparar. Eg føler framleis at eg ikkje passar inn i den stereotypien, forklarar han. 

Dei siste åra har Aas produsert fleire soloprosjekt, men skildrar ein vanskeleg bransje.

– Sosiale medium har mykje med det å gjera, fortel han. 

Eirik Aas har drive med musikk så lenge han kan hugsa. Her med hunden Billie (4).

Viral hatvideo på TikTok

Å vera eit nytt ansikt for folket er ikkje lett. På sosiale medium som TikTok, Instagram og Snapchat kjem det både ris og ros. Dette fekk Eirik Aas verkeleg kjenna på kroppen då han hadde konsert for to år sidan.

– Det var i perioden etter korona, då folk nesten ikkje gjekk på konsertar. Eg skulle spela på fadderveka i Stavanger, på eit ugunstig tidspunkt og i eit gigantisk lokale, fortel han. 

Magekjensla sa at det ville koma lite folk. Det gjorde det diverre. 

– Akustikken i lokalet var dårleg og alt det tekniske skar seg. Det kunne ikkje gått verre, fortel Aas medan han ristar på hovudet. 

At nokon i publikum dokumenterte alt og la det ut på TikTok, gjorde ikkje ting betre. 

– TikToken fekk 300 000 visningar. Eg er god på å ikkje la meg knekka av slikt, men då merka eg verkeleg krafta av hat på internett, seier Aas.

Eirik Aas har også opplevd baksida av musikkbransjen. – Kritikken er noko ein må læra seg å takla, seier han.

– Det er sjølvsagt sjokkerande

Eirik Aas finn motivasjon i den negative kritikken. Då han nyleg slapp ei ny plate, skildra Bergens Tidende det som «den minst sexy låten dei hadde høyrt på lenge».

– Det er sjølvsagt sjokkerande å lesa det, men eg er jo glad for at eg har fått ein anmeldelse. Det er eit teikn på at det går i rett retning, og eg er fullt klar over at folk både likar og mislikar det eg lagar, seier han. 

Å få negativ kritikk er ikkje noko nytt. Likevel meiner Aas at bransjen er annleis no, etter at sosiale medium kom på bana. 

– Små videoar kan få ekstremt mykje eksponering. Det er ein utruleg kraft i dei ulike plattformane, understrekar han. 

Eirik Aas ønskjer å leva av musikken i framtida. – Til no har eg vore avhengig av å ha jobbar ved sidan av, fortel han.

Negativt fokus i bransjen

Ein annan artist som kan kjenna seg igjen i dette er Martin Hazy. 26-åringen frå Loddefjord har holdt på med musikk i fleire år, som ein del av musikkgruppa Dårlig Vane. 

– Sidan eg byrja soloprosjekta mine har eg nytta ulike sosiale medium for å promotera musikken min, men ikkje TikTok. Det føler eg meg for gammal til, ler han. 

Hazy fortel at fokuset i musikkbransjen har endra seg i negativ retning, og at det no handlar om å vera «viral».

– Det verkar ikkje som det går på kunsten lenger, men på alt rundt. Det er jo ikkje dét dette skal handla om, seier han. 

Martin Hazy meiner det ikkje bør handla om tala, men om musikken. – Eg blei ikkje forelska i musikk fordi eg ville bli kjendis, seier han.

Slit med å passa inn

– Folk som held på med kunst og musikk er ofte litt rare folk. Me passar ikkje alltid inn på sosiale medium. Det er difor rart at bransjen er så sentrert rundt det å vera viral. Me er ikkje influensarar, me er musikarar, understrekar Eirik Aas. 

Han fortel at ein må læra seg å vera god på sosiale medium. 

– Det kjennast ofte viktigare ut enn musikken. Kor trist er ikkje det? Spør Aas. 

Konkurransen om å slå gjennom som artist er allereie stor, og sosiale medium kan bidra til eit enda mindre nålauga å koma gjennom. 

– Eg trur det er mykje vanskeligare å slå gjennom som artist no enn før. Kven som helst kan laga ein TikTok, og mange folk prøver no på det same. Det er mange om beinet og få plassar, understrekar Aas. 

Å promotera musikken sin kan vera vanskeleg. Eirik Aas har brukt lang tid på å laga plakatar og henga dei opp rundt om i Bergen.

– Kan opplevast som klaustrofobisk

Magnus Hoem Iversen er ekspert på sosiale medium. Han har fleire tankar rundt det artistane skildrar.

– Eg meiner jo eigentleg at sosiale medium har gjort det lettare for fleire artistar å få ut musikken sin. Før i tida var ein avhengig av plateselskap for å få det til. Det er ein ikkje no, forklarar Iversen.

Han meiner mange artistar har blitt kjend nettopp grunna internett. Likevel kan han forstå frustrasjonen nokre musikarar opplever.

– Dei sosiale media legg ofte opp til ein viss type innhald. Å vera artist er eit heilt anna uttrykk og ei anna tilnærming enn det sosiale media vil ha. Det forstår eg kan opplevast som klaustrofobisk, fortel han.

Some-ekspert Magnus Hoem Iversen forstår frustrasjonen til artistane. – Sjølv om alle får moglegheita til å nå fram, er det ein viss type innhald som premierast, seier han.

Mange svelgjer stoltheita si

Martin Hazy meiner kunsten svekkjast og at musikken ikkje lenger er som den var.

– Folk lagar ikkje like god musikk lenger. Tullelåtene som er på topplistene kjem ofte frå TikTok. Desse folka kunne ikkje solgt ut ein konsert, så det heile er eigentleg ganske forvirrande, fortset Hazy. 

Han tykkjer det er trist at artistar føler dei må slengja seg på TikTok-bølgja for å kunne bli kjende. 

– Det er mange som svelgjer stoltheita si og gjer det. Men eg er sta, så eg nektar, seier han medan han ler. 

Hazy understrekar at hans fokus er å produsera musikk han kan vera stolt av. 

– Så får dei andre der inne på TikTok fortsetja med dansane sine. Det er ikkje heilt min stil, seier han. 

Martin Hazy nektar å la seg påverka av bransjeendringa. – Eg lagar ikkje «content», eg lagar musikk, seier han.

– Folk må laga musikk frå hjarta

Hazy trur det kan vera lett å slå gjennom på TikTok, men at det kan vera vanskeleg å bli verande der.

– Det er kanskje enklare no å slå gjennom som eit fjes, men som musikkartist er det vanskeleg. Å slå gjennom som artist handlar ikkje om å ha éin populær låt, seier han. 

Det tek tid å skapa ein fanbase. Med tusenvis av låtar som kjem kvar dag, handlar det om å utmerka seg. 

– Fordi det blir sluppe så mykje musikk heile tida, så føler eg at folk ikkje gjev låtene sine nok tid heller. Dette trur eg er dumt. Folk må laga musikk frå hjarta, understrekar Hazy. 

Powered by Labrador CMS