Sport

Fem på rad med norgesmeistrar i veteranfriidrett.

– Lysten er sterkare enn muskulaturen 

Gular si Veterangruppe i friidrett håver inn medaljar, men dei gode resultata er kun ein liten bonus av å vere med i den sosiale gruppa. Fagsjef for fysisk helse ved Nasjonalt senter for aldring og helse, Gro Gujord Tangen, meiner veterangruppa er gode førebilete for den eldre generasjonen.

Publisert
Kjell Sælensminde held ope døra inn til Høiehallen, der magien skjer.

– Ein må jo sjå litt på kva som er lurt å gjere, for lysten er jo ofte litt sterkere enn muskulatur og helsetilstand, fortel Arne Risa (79), eit av 28 medlem i Gular friidrett si veterangruppe.

Risa og resten av gruppa samlast på Fana Stadion og Høyehallen to gongar i veka for å trene saman. Her varierer dei i alder ifrå 54 til 91 år, men ein reknast som veteran etter fylte 35 år. 

Her er det plass til alle som ynskjer, meddeler gjengen.

Her er fem av dei aktive medlemma til Gular si veterangruppe. (F.v) Kjell Sælensminde (87), Frank Atle Kvinge (69), Harry Tvedt (91), Arne Risa (79), og Arne Hammersland (91).

Fleire på topp

Det er berre å la seg inspirere, og ikkje minst imponere av den aktive gjengen. Mange av gruppemedlemma deltek i NM, EM og VM, og er i både europa- og verdstoppen i si aldersgruppe og grein. Dei konkurrerar i til dømes hekk, sprint, diskos og høgdehopp.

– Det er jo imponerande det vi driv med altså, det må eg jo seie. Når ein tenkjer på det aldersspennet og kva form enkelte er i, sjølv om dei har runda både 70 og 80 år, er jo heilt utruleg, fortel Frank Atle Kvinge (69), leiar i veterangruppa.

Harry Tvedt har drive med friidrett sidan han var 17 år. No er han 91 år, og framleis aktiv i diskos, kule, 100- og 200-meter.
Lagleiar Kvinge i aksjon. I veteran-NM i januar hoppa han inn til ein andre plass på høgdehopp, på 1 meter og 20 centimeter.
Kjell Sælensminde er nummer ein i europa i sin aldersklasse.

I januar 2024 var det innandørs veteran-NM på Stange, og ni av medlemma tok turen austover mot Hamar. Der henta både Kvinge, Arne Hamarsland (91) og Kjell Sælensminde (87) gullmedaljen på 200-meter i kvar sine veteranklassar. 

– Sælensminde er jo 87 år, og spring 200-meter på 40 sekund. Han er jo nummer ein i Europa innandørs og nummer tre i verdstoppen i si aldersgruppe, fortel lagkamerat Harry Tvedt (91) om Sælensminde.

Til tross for suksessen, er ikkje medaljane det som er viktigast. I veterangruppa er det fokus på samhald og stemning.

Tvedt står i midten av gjengen, og legg vekt på at god oppvarming og rolig auke er viktig å prioritere i byrjinga av ei økt.

Bak medaljane

Sjølv om dei er ei friidrettsgruppe, kan man også kalle dei ein vennegjeng. Dei er svært sosiale utanom treningane, og arrangerer blant anna årlege turar og bowling på fredagar. Alle gir uttrykk for at det er samhaldet dei liker best med veterangruppa.

– Det er svært viktig å trene saman, og her får vi vere både sosiale og aktive. Gruppa er ikkje berre basert på spissa idrett og medaljer; det er det sosiale som er viktigast, seier lagleiar Kvinge.

Veterangruppa er alltid opne for nye medlem, og 69-åringen presiserer at ein ikkje må vere redd for å slenge seg med, uansett nivå.

– Eg trur at ein del som høyrer om oss trur at det er om å gjere å vere best, men sånn er det absolutt ikkje. Vi koser oss med det vi kan klare kvar enkelt, og så har vi mykje sosialt utanom, seier han.

– Kanskje kjem det fleire damer på laget om me får gode bilete, ler gjengen.

Det einaste dei mangler for å auke variasjonen, hadde vore fleire kvinner. Kvinge lurer på om mange kanskje trur at dei ikkje er i "god nok" form for gruppa.

–  Vi savner jo ein del på damesida, for per i dag har vi berre to. Eg trur folk trur at terskelen til å vere med på ei trening er høgare enn den er. Særlig når dei ikkje har drive noko særleg tidlegare, seier Kvinge.

Viktig å ikkje gi seg

Hamarsland deltok på sitt fyrste stevne i 1950, og har drive med friidrett sidan. Han er opptatt av at ein ikkje må stoppe med idrett, sjølv om ein ikkje lenger satsar som idrettsutøvar.

– Mange som legg opp etter å ha drive veldig hardt og har vore på topp, seier seg heilt ferdig. Det gjorde ikkje verken eg, Tvedt eller Risa. Vi fortset å halde treninga ved like, sjølv om det går no litt opp og ned i form. Presset for å prestere og yte, ligg bak oss, fortel 91-åringen.

Hamarsland (t.h.) deltok i NM på Stange, og seier resultatet kun er ein liten bonus: – Eg skulle ikkje sette ein rekord, men komme meg rundt bana på ein hederlig måte, fortel han.

Hamarsland føler seg heldig som for lov til å ta del i ei så sosial og aktiv gruppe.

– Dørstokkmila er jo høg for mange, og høgare jo eldre dei blir. Vi synast jo det er dumt, alle dei som berre sett seg ned i sofaen. Då har dei omtrent tapt. Så vi er i grunn priviligerte som kan og er med på veterangruppa.

Ein livslang aktivitet

Styremedlem og sportsleg sjef i Gular IL Asgeir Thomassen, er både imponert og glad over å ha veterangruppa i sitt friidrettslag.

– For det fyrste så synleggjer dei klubben utad i forhold til at nettopp idrett er ein livslang aktivitet. Og så bidreg dei jo og med dugnadsarbeid på arrangementa våre, som er fint, seier Thomassen.

Humor er eit gjennomgangstema i Gular, fortel sportsleg sjef Thomassen: – Det er sinnet sitt plaster.

Han dreg fram samhald, miljø og humor som viktige gjennomgangstema i klubben, og grunnar til at veteranane presterer så godt som dei gjer.

– Det som egentlig har vert vår greie i Gular, er at det er viktig med breidde og ha alle med. Ein kan drive med aktivitet i alle aldrar. Og med eit godt miljø, som i denne gruppa, kjem også prestasjonane, seier han.

– Alder treng ikkje vere eit hinder

Seniorforskar Tangen, seier at eldre ikkje må vere redd for å ta i, og belaste tungt, så lenge helsa strekker til.

Gro Gujord Tangen, fagsjef for fysisk helse ved Nasjonalt senter for aldring og helse, meiner veterangruppa er eit godt døme på kva fysisk aktivitet og sosialisering kan gjere for den eldre befolkninga.

– Det er jo der vi alle skal vere. Å klare og kombinere det sosiale og det aktive, og skape ei rutine ut av det, er med på å støtte opp under dei dagane ein ikkje er like motivert for å trene, fortel Tangen.

Ho understrekar at det er anbefalt for eldre å vere i aktivitet i minst 150 minutt i veka, og at veterangruppa går føre som ei godt eksempel.

– Eg tenkjer det viser at alder ikkje treng å vere eit hinder for å drive intensiv aktivitet. Friidrett er jo eksplosiv av karakter, og det er ikkje ein aktivitet de fleste eldre held på med. Så det høyres ut som ein spesiell gjeng, avsluttar Tangen.

Powered by Labrador CMS