Kultur

Mathilde strikkar ca.6-7 gensrerar i året

Inn med slow-fashion!

Ein aukande trend blandt unge har ført til at fleire lagar sine eigne klede. Mathilde Rask Sørensen har strikka sidan ho var 8 år, og er glad for at fleire velgjer å lage kleda sine sjølve.

Publisert

–  Eg jobbar i ein garnbutikk, og merka spesielt etter korona at fleire og fleire unge kom inn i butikken, seier Sørensen. 

Sørensen mistenker den aukande trenden med unge som strikkar skuldast den auka interessa for slow fashion.

–  Slow fashion er jo å lage sine eigne klede. I staden for å kjøpe frå store kjeder så kan ein heller strikke sin eigen genser, forklarar Sørensen.

Emneknaggen #Slowfashion har i dag 321,5 tusen innlegg på tiktok, og viser spesielt unge som syr, strikkar og heklar sine eigne klede. På instagram har same emnetag 17,4 million innlegg.

– Eg trur det har blitt ein trend fordi det er noko eige å lage klede sjølv. Uansett kva det er kan du bestemme korleis du vil det skal sjå ut, og det er jo gøy, seier Sørensen.

I følgje tal frå SSB har varehandelindeksen på tekstilar og utstyrsvarer stege med 15,7% frå 2019 til 2023. Dette inkluderar garn, strikkeutsyr og andre tekstilar og utstyr som vert brukt til å lage klede.

Mathilde lærte seg å strikke når ho var 8 år, då viste bestemora og mora ho kva ho skulle gjere.

Ei tydelig auking

Butikksjef Charlotte MacKinnon har eigd garnbutikken Modellstrikk i fem år, og har sjølv opplevd ei auking av unge strikkerar.

– Det var tydeleg under korona at unge hadde veldig lite å gjere når det ikkje var forelesningar på skulen. Så mange kom hit for å få seg ein fritidsaktivitet, seier butikksjefen.

McKinnon forklarar at før korona inntraff var det berre to eller tre unge strikkarar som dagleg besøkte butikken. I nyare tid har talet dobla seg.

– Det virkar som at strikking har blitt trendy no i det siste. Også når ein person startar å strikke får dei ofte med seg fleire vennar, som gjer at det blir ein vekst, seier MacKinnon.

Modellstrikk opna i 1939, McKinnon vart butikksjef som 25-åring.

Skilje på unge og eldre

– Før var det tydeleg at det var flest eldre som strikka, men no har det jamna seg ut, seier MacKinnon.

Butikksjefen bemerker seg at unge er kreative, og ofte kjem inn i butikken med tydelege idear om kva dei vil lage.

– Dei unge som kjem inn treng ikkje like mykje hjelp som dei litt eldre, dei veit kva dei vil lage. Da dei litt eldre som oftast strikkar genserar, lagar unge mykje bøttehattar og tubetoppar, seier MacKinnon. 

– Det er også veldig kjekt at unge tør å kome inn utan ei veldig konkret oppskrift, avsluttar MacKinnon.

Stor givnad

– Eg trur mange strikkar fordi det er gøy, og ein får skikkeleg meistringskjensle, seier Mathilde Sørensen.

Med strikketøy i fanget fortel Sørensen at strikking har fleire fordelar enn berre å få eit plagg ein har laga sjølv.

– Det gir meg glede. Det gir meg noko å halde på med, det gir meg ro eigentleg. Om eg sett meg ned for å strikke så slappar eg av. Det er ein fin ting synast eg, avsluttar Sørensen

Mathilde starta sjølv ein instagram dedikert til strikkeplagga sine.
Powered by Labrador CMS