Innenriks

Maryam Farkhari er blant bergensarane som vil fjerna monarkiet. - Det er viktigare at folket får velja Noregs representant, seier ho.

Fleire bergensarar ønskjer monarkiet avskaffa: – Det er ikkje representativt for folket

Onsdag 21. februar fylte heile Noregs kong Harald 87 år. Bymag har i den anledning spurt bergensarar og professorar ved UiB om me bør behalda det omstridde monarkiet.

Publisert Sist oppdatert

– Ideologisk sett er eg imot monarki, fortel bergensar Ole Anders Rognø då Bymag stoppar han på veg til skulen.

Ole Anders er 24 år gammal og går første året på master i politikk. Han meiner det er ein gamal tradisjon, å verta fødd inn i slik velstand.

– Sjølvsagt likar eg den norske kongefamilien. Dei er folkelege og har ein samlande effekt, som gjer at alle får eit eigarskap til monarkiet, understrekar han.

Problemet er derimot at kongehuset opplevast som heva over folket. Det meiner Ole Anders ikkje er rett.

– Meiner du monarkiet bør avskaffast i Noreg?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Isåfall må det ein folkeavstemming til. Men min personlege meining er det bør avskaffast ja, seier han.

Ole Anders Rognø meiner folk ikkje bør bli fødd inn i ei rolle, slik som i monarkiet.

– Eg meiner at kongen bør gå av

Ute på gåtur i Bergen er også pensjonist Michael Scrase. Han har eit nøytralt forhold til monarkiet i Noreg.

– Sjølv er eg britisk og har vakse opp med denne typen styreform, seier Michael.

Michael fortel at han har medkjensle for kongen, som er Europas eldste monark fortsatt i arbeid.

– Eg meiner at kongen bør gå av no, fordi han har vorte så gamal. Kvar gong eg ser han på fjernsynet, tenkjer eg at han burde vore heime og slappa av, seier han medan han ristar på hovudet.

– Meiner du monarkiet bør avskaffast i Noreg?

– Nei, det meiner eg ikkje, understrekar han.

Michael Scrase meiner me ikkje bør avskaffa monarkiet. – Eg trur ikkje det blir nokon forskjell med ein president, seier han.

Ikkje representativt for folket

Bymag beveger seg vidare gjennom Bergens gater og stoppar Maryam Farkhari, som har budd i Åsane dei siste ti åra. Ho meinar kongen er flink til å inkludera alle.

– Til å vera ei som ikkje kjem frå Noreg opphavleg, så føler eg meg utruleg godt motteken. Ein får ei tilknyting til kongen, sjølv om ein ikkje er norsk, fortel Maryam medan ho smiler.

Ho rosar den tradisjonelle sida ved monarkiet og trur befolkninga er glade i å ha ein kongefamilie.

– Det negative er at me ikkje veljer kven som skal vera statsoverhovud. Styreforma går i arv, og det meiner eg ikkje er representativt for folket.

– Meiner du monarkiet bør avskaffast i Noreg?

– Ja, me bør vel kanskje det. Eg er glad i kongefamilien, men det er viktigare at folket får velja Noregs representant.

Maryam Farkhari er glad i kongefamilien, men saknar den demokratiske utveljinga.

– Kongehuset er vart for slike ting

For å få eit fagleg blikk på saka, tok Bymag kontakt med professor i politisk historie ved UiB, Yngve Flo. Han trur befolkninga framleis har stor tiltru til monarkiet.

– I kvar nye periode kjem det forslag i Stortinget om å innføra republikk, og i kvar periode vert det avvist. Det har nærmast vorte eit rituale, fortel Flo medan han ler.

Professoren meiner den folkelege oppslutninga om monarkiet går opp og ned i takt med skandalane som oppstår i kongehuset.

– Når problematiske saker oppstår, som blant anna stridigheitene rundt Durek Verrett, går naturlegvis oppslutninga ned. Også når kronprins Haakon traff kronprisesse Mette Marit, skjedde dette. Kongehuset er vart for slike ting, seier han.

Professor Yngve Flo meiner kongehuset er viktig. - Me er nøydd å ha ei form for representasjon, seier han.

Kongehuset si rolle under andre verdskrig, har bidrege mykje til at monarkiet står sterkt i Noreg. Flo skildrar monarkiet som ei fast ramme, som gjev legitimitet til det demokratiske styresettet, sjølv om det ikkje er demokratisk i seg sjølv.

– Kongehuset ivaretek eindel formalitetar, som me ikkje bør undervurdera verdien av, meiner han.

– Kva med alle pengane kongehuset brukar?

– Mange vil forsvara at det er ei investering, fordi det skapar merksemd rundt Noreg og norsk næringsliv. Om det kongelege slott vert eit presidentpalass, kva forskjell utgjer det?

Ein avskaffingsprosess vil skapa splid

Yngve Flo understrekar likevel at dei er fleire negative sider ved monarkiet i Noreg. 

– Det er eit sårbart system, som berre fungerer dersom dei kongelege klarar å leva opp til våre forventningar og faktisk ønskjer den rolla dei er tildelt.

– Kva meinar du då?

– Eg er ingen brennande entusiast, men heller ingen skarp motstandar. Me veit ikkje heilt kva alternativet ville blitt.

Yngve Flo ser inga grunn til å avskaffa monarkiet, slik det er i dag.

– I det augeblikket kongehuset blir eit større problem enn ein ressurs, veit eg at fleire politikarar står parat for å plassera inn noko anna. Men ein avskaffingsprosess vil nok skapa splid og kanskje svikta legitimiteten til andre element i statsstyret, avsluttar han.

Dei lærde stridast

Det er ikkje før Bymag pratar med jussprofessor Eirik Holmøyvik ved UiB, at me innser kor sterkt nokon kan vera imot monarki. Då me fortel om kva kollega Yngve Flo har sagt, ler juristen.

– Eg skal ta ein prat med han, seier Holmøyvik med glimt i auga.

Jussprofessor Eirik Holmøyvik vil avskaffa monarkiet så fort som mogleg.

For meiningane hjå denne mannen er sterke. 

– Kongen er ikkje berre ein bestefar som held nyttårstale. Kongen er juridisk avgjerande.

Sjølv har ikkje Eirik Holmøyvik eit personleg forhold til kongehuset.

– Eg er totalt immun mot alle kulturelle sider. Kva kjolar prinsessene har på seg, bryr meg lite. Jussprofessorar ser på systemet. Me er kalde og har lite kjensler, seier Holmøyvik medan han ler.

– Kva skjer viss me får ein galen konge?

Juristen fortel at det er vanskeleg å få fram kor viktig ei avskaffing av monarkiet er.

– Dagens konge er nærmast eit problem for oss republikanarar, for han gjer ingen feil. Men kongen er ikkje valt, og han kan ikkje stillast til rettsleg ansvar. Det er eit stort problem.

Kongen må samtykka i alle avgjerder politikarar tek. Dette er i prinsippet ein formalitet, og med ein klok konge er det ikkje noko problem. 

– Men kva skjer viss me får ein galen konge? Dersom monarken hadde teke ei meir politisk rolle, så ville ikkje Noreg kunne karakteriserast som eit demokrati lenger, understrekar jussprofessoren.

– Så monarkiet bør avskaffast?

– Ja, på flekken.

Powered by Labrador CMS