Sport

Sportsklubben Djerv er blant mange innebandylag som har lite representasjon av kvinner. Det vil dei gjera noko med.

– Det er trist at ikkje fleire unge jenter vil spela innebandy

Kvinnelege innebandyspelarar ønskjer større engasjement for sporten: – Det verkar som eit problem i heile Noreg. 

Publisert Sist oppdatert

Det er mørkt, vått og kaldt ute. Kvelden er snart omme, men Maja Kristiane Skøyen er blant dei som går ut døra seint kvar måndag.

Ho skal på innebandytrening, og Bymag har fått lov å vera med.

– Treningen vår er ikkje ferdig før klokken 22, fortel Maja til ein trøytt journalist.

Det må nemleg seine kveldar til for at Maja skal få driva med sporten ho elskar.

Maja Kristiane Skøyen hadde alltid likt gymtimane med innebandy, og valde difor å byrja med det på fritida.

– Det er altfor få jenter

Maja Kristiane Skøyen kjem frå Tromsø og studerer geografi ved Universitet i Bergen. Ved sidan av studiane spelar ho innebandy på Djerv, eit lokallag som held til på Møhlenpris i Bergen.

– Eg byrja med innebandy i sjuande klasse, så det blir vel ti år sidan no, fortel Maja då Bymag slår følgje med ho til trening.

Maja skildrar sporten som sosial, artig og god trening. Med både intervall, styrke og koordinasjon, er dette ein sport som fengjer mange. 

Men ikkje mange nok.

– Klubbane er små, og det er altfor få jenter i forhold til gutar, fortel Maja til Bymag.

Innebandy i Noreg

- I Noreg vart innebandy frå tidleg 1970-åra drive som skuleaktivitet etter uformelle reglar. 

- I 1991 vart innebandy organisert som ein eigen offisiell seksjon i Noregs Bandyforbund. 

- Idretten har vakse raskt, og i 2019 var det cirka 23 000 spelarar med lisens, og aktivitet i alle fylke.

- Offisielt NM for begge kjønn har vorte arrangerte sidan 1993, og landsomfattande eliteseriar starta sesongen 1994.

Kjelde: Store Norske Leksikon

På Djerv Innebandy er nivået bra. – Me skal spela kamp om seriegullet no i mars. Det blir spennande, fortel Maja Kristiane Skøyen.

Var flau over sporten

Maja tykkjer det er trist at sporten ikkje er meir populær blant unge. 

– Eg kan til dels forstå det. Innebandy er ein liten sport, som omtalast lite i Noreg. Dei fleste vil jo spela ein sport som folk faktisk veit kva er, seier ho. 

Maja kan sjølv hugsa at ho har vore flau over å spela innebandy.

– Då eg gjekk på ungdomsskulen, var eg redd for at folk skulle tenka at det var rart. Det trur eg mange framleis er redde for, seier ho.

– Kva med den fysiske og mentale helsa til oss vaksne?

Økonomisk finansiering er også eit vedvarande problem hjå innebandy. Fotball- og handballsatsingar får generelt meir tilskot frå klubbane i Noreg. 

– Innebandy får ekstremt lite pengar. Naturlegvis fordi sporten er mindre, men det kjennast likevel urettferdig. Korleis skal ein gjera innebandy til ein større sport, viss ein ikkje får midlane til det? 

Lagkamerat Heidi Hareide er einig i det Maja seier. Ho trur dei hadde fått større finansiering dersom dei hadde hatt eit barnelag.

– Har ein tilbod til barn, så får ein meir støtte. Men kva med den fysiske og mentale helsa til oss vaksne? Det bør vera nett like viktig, understrekar Heidi. 

Heidi Hareide har vore lenge i klubben og ser behova som trengs.

Eit problem i heile Noreg

Heidi Hareide er blant dei som byrja med innebandy i vaksen alder.

– Eg trur eg er den på laget som har vore her lengst, seier ho medan ho ler.

Heidi fortel om seine treningar og skeivfordeling av halltider. Ho opplever at dei berre vert plassert «der det er tid og rom».

– Nokre gonger må me til og med dela hallen med andre medan me har trening. Det er kjipt, seier ho.

Andre idrettar får ofte meir halltid enn innebandy. Dette kjenner Maja også att frå Tromsø, der blant anna handball fekk meir halltid enn innebandy.

– Det verkar som eit problem i heile Noreg. Innebandy blir ikkje prioritert, seier Maja.

Spelte kun på gutelag

Maja fortel vidare om ein mannsdominert sport. Eliteserien for kvinner består kun av seks lag, medan herrene har dobbelt så mange. 

Då Maja spelte på aldersbestemte lag i Nord-Noreg, spelte ho berre med gutar.

– Eg fekk ikkje spela på damelaget før eg vart 18 år. Så heile min barndom har eg kun spelt på gutelag, fortel ho.

Å spela på gutelag gjorde Maja tøff, men ho sakna naturleg nok jenter. 

– Det er trist at ikkje fleire unge jenter vil spela innebandy, sier ho. 

Maja Kristiane Skøyen ønskjer fleire kvinner i innebandy.

Som einaste jenta blant gutane

Helle Bjørkum måtte også byrja på eit gutelag, då ho starta med innebandy for ni år sidan i Oslo. Ho er i dag 20 år gammal, studerer lektor og spelar på Bergen Studentidrettslag.

– Korleis var det å måtte vera med gutane?

– I første omgang kan ein føla seg utrygg, som einaste jenta blant gutane. Det er jo eit røffare spel og eit heilt anna nivå. Men det gjekk seg til, fortel ho.

I dag speler Helle på eit jentelag, som ho meiner har eit høgt nivå. Ho saknar likevel eit større miljø og meir merksemd rundt innebandy for kvinner. 

– Då hadde me hatt fleire å spela mot. Det hadde gjort oss enda betre, understrekar ho.

Innebandy er ein stor del av kvardagen til Helle Bjørkum. – Det er ein idrett eg alltid finn tilbake til, seier ho.

– Ein ser sjeldan noko om kvinneleg innebandy

Eksponeringa av innebandy er liten, og større mediedekning trur Maja Kristiane Skøyen hadde utgjort mykje.

– Folk veit ikkje at det finst både elitelag og landslag. Ein ser sjeldan noko om kvinneleg innebandy på sosiale medium eller TV, med mindre ein går inn for å finna det. Det må me endra på, seier Maja. 

– Kva kan ein gjera for å skapa meir blest rundt innebandy?

– Ein burde spela ordentlig innebandy i gymtimane på skulen, slik at folk skjønnar betre sporten og reglane rundt, seier Maja. 

Alle må ta i eit tak

Lagkamerat Camilla Øiestad har spelt innebandy i fem år. Ho er einig i at eksponeringa av innebandy er dårleg.

– Mediedekninga er heilt krise. Det var nettopp VM i Singapore, men ingen har jo fått det med seg, seier Camilla.

Med større eksponering og betre tilbod for både unge og vaksne, trur Camilla fleire hadde slengt seg på sporten. 

– Me treng fleire seriar, cupar og treningskampar. Alle lag må ta i eit tak, for at sporten skal bli større.

Ho trur mange vegrar seg for å bli med på ein ny sport i vaksen alder, utan grunn. 

– Innebandy treng ikkje berre vera noko du dreiv med i gymtimane på skulen. Det er for alle, avsluttar ho. 

Camilla Øiestad meiner innebandy har ei bratt læringskurve. – Ein kjem ein fort inn i gamet, seier ho.



Powered by Labrador CMS