Kultur

Her viser fargeanalyserer Kari Talhaug Jovik fram to av dei fire fargesesongane.

- Når du føler deg vel, så ser du betre ut

Som fargeanalytikar kan Kari Talhaug Jovik (62) fortelje deg kva fargar du bør gå i og ikkje. Strikkelykkejentene Amanda Bårdsen (24) og Stine Meidell Meling (24) følgjer ikkje slike restriksjonar.

Publisert

På sosiale media ser vi ein oppsving av emneknaggen «color analysis», altså fargeanalyse på norsk. Det har også kome fleire TikTok-filter som gjer det mogleg å sjølv prøve å finne sin fargesesong. 

Kva er fargeanalyse?

Fargeanalyse er at ein skal finne fargane som er i harmoni og i balanse med dine trekk. Trekka ein tek utgangspunkt i er hud, hår, auge og leppefarge.

Ein kan havne innanfor dei fire årstidene vår, sommar, haust og vinter som alle har kvar sine fargepalett.

Ei som har merka den auka interessa er fargeanalytikar Kari Talhaug Juvik.

– Fargeanalyse var veldig trendy på 80- og 90-talet, men no har det blitt trendy igjen, fortel Juvik.

Juvik brukar nettstaden Canva i arbeidet sitt. Ved å dra draperinger opp mot ansiktet, finn ho ut kva grønfarge, og difor kva sesong kunden Robyn passar inn i.

Sidan 2018, har ho drive med personlege fargeanalyser på nett, der ein ynskjer å finne fargane som komplimenterer hud og hår. 

– Visst du kler deg i dei fargane som er i balanse med deg, så får du ein harmoni over heile utrykket ditt. Visst du kler deg i fargar som jobbar imot deg, kan du bli veldig bleik, grågusten, og gul i huda, forklarer ho.

Fekk fleire kompliment

Etter at ho sjølv tok ein fargeanalyse i 2017, oppdaga ho at fleire og fleire gav henne positive tilbakemeldingar når ho kledde seg i høve med sin fargesesong.

– Eg såg at haustfargane gjorde noko med meg, for eg begynte å få kompliment. Og eg er jo ei gamal dame, ler Kari. 

Juvik fekk råd av medlemma i Facebook-gruppa hennar om kva antrekk ho skulle bruke i møte med ByMag. Valet fall på ein fargerik kombinasjon av brune haustfargar og ein blå vinterfarge.
Her er Juvik i "feile fargar", og ho kan opplevast som ei "grå mus", seier ho.

Igjennom si Facebook-gruppe "Colors in Style by Kari" deler ho og mange andre kvinner antrekk med kvarandre. Der ynskjer Juvik at fleire skal finne gleda og sjølvtilliten ho fann av å kle seg i sine fargar.

– Eg har så lyst til at andre skal oppleve det same. For eg følte at eg kom heim. 

– Sjå vekk ifrå analysar og reglar

Nokon som er skeptiske til begrensingane fargeanalyse kan føre til er Amanda Bårdsen (24) og Stine Meidell Meling (24), som jobbar i garnbutikken Strikkelykke i Bergen. Dei er to av fem medlem i Instagram-kontoen Strikkelykkejentene, der deler dei strikkeprosjekt og inspirasjon. 

Amanda Bårdsen (t.v.) og Stine Meidell Meling (t.h.) kledd i heimestrikka gensarar.

Bårdsen såg ei på Instagram som hadde fått ein fargeanalyse og deretter følte seg begrensa frå å bruke sin favorittfarge. Dette reagerte ho på.

Amanda i ein livlig gensar.

– Eg tenker jo at visst du likar beige så godt, så treng du jo ikkje legge frå deg fargen berre fordi ein analytikar seier at du ikkje kler den så godt? Eg synst det var litt sjukt, begrunner ho.

Bårdsen og Meling fortel at dei begge har sett vaksande interesse for fargeanalyse i sosiale media, men at det er ein anna trend som også er på veg opp.

– Eg føler akkurat no så ser ein jo meir ein trend på å vere seg sjølv og nettopp sjå vekk ifrå reglar, analyser og trender. Ein skal heller finne det ein sjølv likar og føler ein kler, seier Meling.

Eit koseleg hjørne i Strikkelykke-butikken.

– Trendy å vere seg sjølv

Dei to strikkejentene har erfaringar med å modellere til Instagram-kontoen, og dei opplever at måten ein ber kleda på kan vege like tungt som å kle fargen.

Stine i matchande blå balaclava og vottar.

– Går ein i fargar ein trivast i så vil du og utstråle ein energi som gjer at ein ser betre ut. Så når du følar deg vel, så ser du betre ut, konkluderer Bårdsen. 

Meling er einig med Bårdsen at det viktigaste er å gå for dei fargane auga våre likar best, men ho synest samtidig at det hadde vore interessant å prøve ut.

– Det er spennande med fargeanalyse, og det hadde vore gøy å prøvd å tatt det. Men då måtte ein jo valgt fargar man likar i tillegg, for det er lov å gå i akkurat dei fargane man vil, fastslår Meling.

Finst det riktige fargar?

Her står Jeanette Tonning Sundal (t.h.) saman med sambuar og medeigar Eirik Hitland Johannesen (t.v.) i lokalet til Heim Bryggen. Og i midten ser vi hunden deira Luca (4).

Jeanette Tonning Sundal (42) har drive den fargerike butikken Heim Bryggen i fem år. Ho er einig i at det finst fargar som ein kler betre enn andre basert på hudtone, men at ein samstundes skal rive seg laus frå anbefalingane.

– Eg likar ikkje å følgje "reglar". Eg starta jo Heim for at ein skal kunne leike seg litt med fargar, og å tørre litt meir, seier butikkeigaren.

Eit lite utval av klede i Heim Bryggen sin blikkfangande butikk.

Sundal ser positive effekter ved å velgje vekk dei nøytrale kleda, og dermed fargeleggje kvardagen.

– No har vi vore gjennom ein god del harde år med pandemi og no krig, så vi treng noko som har litt farge og glede, seier ho.

Sundal er einig med Bårdsen og Meling, og kjem med ei klar oppfordring.

– Gå med det du har lyst til og føler for.

Powered by Labrador CMS