Sport

Anny Roxanna Corrales er blant dei som har fått mange nye vener via studentidretten barsport.

– Ein må ikkje drikka berre fordi det heiter barsport

Barsport er ein av dei mest populære undergruppene ved Samfunnsvitskapleg Idrett. – I starten var me redde for at folk ikkje ville ta oss seriøst.

Publisert Sist oppdatert

– Barsport handlar om meir enn berre alkohol, fortel Philip Sardo når Bymag tek kontakt. 

Han er svært engasjert når me stiller han spørsmål rundt den nye, populære undergruppa ved fakultetet sin idrettsorganisasjon. 

– Folk trur me berre møtast for å drikka. Men det handlar om så mykje meir enn det, fortel Philip.

Philip Sardo går tredjeåret på samfunnsøkonomi ved UiB og engasjerer seg mykje i barsport.

Vart leie dei kjedelege helgane

Samfunnsvitskapleg Idrett, SVI, har sidan oppstart fått mange medlemmar. Philip Sardo er ein av tre leiarar på den mykje omtala undergruppa "barsport".

– Det var eg og Marius Mølsæter som starta opp barsport, fortel han til Bymag.

Ideen om barsport oppstod fordi gutane var leie av dei ordinære, kjedelege helgane i Bergen. Dei ønskte difor å starta ei gruppe, der dei kunne gjera nye ting saman med andre studentar.

– Det me hovudsakleg driv med er sportar som ein kan gjera på ein bar. Dart, shuffleboard, beerpong og biljard er blant desse aktivitetene, forklarar Philip.

Det er eit høgt konkurranseinstinkt i gruppa. – Eg er ikke så god i shuffleboard dessverre, fortel Marius Mølsæter.

 – Ingen av oss er ekspertar på barsport

Philip skildrar lagkamerat Marius Mølsæter som sjølve gründeren av SVI Barsport. Sjølv er Marius audmjuk når Bymag pratar med han.

– Ingen av oss er ekspertar på barsport, men det er no utruleg kjekt å halda på med, fortel Marius.

Marius Mølsæter meiner det er viktig å halda kastearmen i beerpong varm.

Når journalisten spør om nivået på beerpong, svarar Philip sjølvsikkert at standarden på laget er god. På barsport-intervjua måtte alle nye medlem kasta ball oppi ein kopp.

– Eg likar å tru at eg er den beste i gruppa på beerpong, men me har jo medlem som trenar med koppar kvar dag. Dei går ikkje ut døra om morningen før dei har truffe ein kopp, ler Philip.

Er det ein ekte sport?

– Mange vil nok argumentera for at barsport ikkje er ein ekte idrett på SVI. Kva tenkjer de om det?

– I starten var me redde for at folk ikkje ville ta vår undergruppe seriøst. Men me fekk utruleg mange søkjarar, så det var openbert noko som studentane var interesserte i, understrekar Philip.

Leiarane veit ikkje om det var sporten eller tanken på noko sosialt som lokka studentane. Mange medlemmar fekk dei no likevel. 

– Me har hatt stort fokus på å henga masse på fritida. Det trur eg fleire studentar har sakna, fortel han.

Barsport fokuserer på å gjera mykje forskjellig. – Me gjer ulike ting, alt ifrå hytteturar, badeland og pepperkakebaking, seier Philip Sardo.

- Målet vårt er å konkurrera

Ingrid Eide er den siste av dei tre leiarane i barsport. Ho fortel at gruppa møtast hyppig for å øva på aktivitetane.

Ingrid Eide og Philip Sardo med sine gjeve kapteinsband. – Ein får det av å vinna beerpongturneringar, forklarar dei.

– Me prøver å møtast annakvar veke. Då møtast me gjerne på Kong Oscar Bar, der dei har ulike sportar som me kan øva på, fortel Ingrid.

Ved å forhalda seg til treningar og eit tidsskjema, meiner leiarane av barsport at dei klarar å vera ein seriøs sport. 

– Deltek de i nokon konkurransar?

– Målet vårt er å konkurrera mot andre studentlag, som blant anna BI sitt beerponglag, seier Ingrid.

Ein kan også vera edru

Anny Roxanna Corrales er 23 år gammal og har vore med på SVI barsport sidan hausten.

– Det er sosialt, kjekt lagarbeid, og godt samhald, fortel ho. 

Anny seier ikkje nei takk til ein fest. Likevel meiner ho sporten ikkje er låst til alkohol. Om ein er berusa eller ei, har ingenting å seia for euforien av å treffa i beerpong.

– Ein må ikkje drikka berre fordi det heiter barsport. I haust hadde eg ein periode der eg var edru, og då tok eg kun med meg saft. Ingen andre merka det eingong, seier ho.

Anny Roxanna Corrales har vore edru fleire gonger på barsport. – Eg er likevel med på beerpong og har det kjekt, seier ho.

– Ein vinkar alltid til andre på skulen

Anny rosar SV Idrett og den tilhøyrsla som skapast gjennom sportsgruppene.

– Det er flott at ein kan sjå fleire kjende fjes på fakultetet der ein held til. Då har ein nokon å seia hei til, eta lunsj med og ein generell tryggleik på skulen, forklarar ho.

Dette er også Philip samd i.

– Når alle undergruppene møtast, merkar me at det er eit slags nytt fellesskap som ikkje har vore på SV før, fortel han.

Før Philip vart ein del av SVI følte han på at han ikkje kjende så mange studentar ved det Samfunnsvitskaplege fakultet. I dag treffer han alltid kjenstfolk på lesesal og førelesing.

– Ein vinkar alltid til andre på skulen. Det er veldig hyggjeleg å føla at ein er ein del av eit samfunn, seier han. 

Doble medlemstal

Liselotte Frankje Gørtz er leiar for SV Idrett. Sidan oppstart for to år sidan har SVI hatt stor framgang.

Berre det siste året har dei dobla medlemsantalet. Det er leiaren stolt av.

– SVI byrja i det små med turgrupper, gymsal-idrett og liknande. Det er i løpet av det siste året at me har etabert oss med fleire idrettar og ordentlege lag, fortel Gørtz.

Samfunnsvitskapleg fakultetet er eit av dei største fakulteta på Universitetet i Bergen. Ein felles idrettsorganisasjon har difor vore svært etterspurt.

– SVI vart oppretta for å styrkja samhaldet på fakultetet. Det meiner eg me har klart.

Liselotte Frankje Gørtz er stolt av SVI. – Me har ambisjonar om å verta enda større, seier ho.

– Me har sprengt kapasiteten vår

Leiaren fortel at reaksjonane har vore eineståande. Fleire takknemlege studentar fortel om nye vener, på tvers av studiar. 

– Me ønskjer også å vera eit tilbod for folk som ikkje har fått plass i andre idrettsorganisasjonar, seier Gørtz.

– Blir ikkje de óg fulle då?

– Jo, me har sprengt kapasiteten vår me også.

Ho trur populariteten kjem av at SV-studentar er oppsøkjande og nysgjerrige. Samfunnsretta studier skapar sosiale menneske.

– Idrett er ein av dei lettaste arenaene å bli kjend med nye folk. For nyinnflytta studentar er dette difor prima for å få nye vennskap, understrekar Gørtz.

Barsport har hatt fleire utkledningsfestar saman.

Ulike reaksjonar

Det har også vore skepsis rundt opprettinga av SVI. Fleire stilte spørsmål om kvifor SV-fakultetet ønskte å ha sitt eige lag.

– Eg forstår spørsmåla og frykta frå andre studentlag. Dei er bekymra for at me skal ta medlemmar, halltid og banetid frå dei. Men vårt hovudfokus er å fanga opp medlemmar som ønskjer å få vener på SV. Me tilbyr noko anna enn dei større idrettslaga, forklarar Gørtz.

Sjølv om idrettslaga vert nøydd til å dela på halltid og banetid, trur leiaren likevel at det skal gå fint. 

– Det skal vera mogleg å dytta inn oss ein stad også, understrekar ho. 

Barsport er blant idrettane som krevjer lite halltid og baner, då det meste kan gjerast på barar i Bergen.
Powered by Labrador CMS