Innenriks

Mathias Madsen Aaøyen og Sigve Wiedswang har sett seg lei av dei falske brannalarmane i studentbustaden.

– Ein gong i framtida kjem alarmen til å vera ekte, og då er dette livsfarleg

Studentar går ikkje lenger ut frå Sammen-hyblane sine når brannalarmane ular. 

Publisert Sist oppdatert

– Me klarar ikkje koma på ei god løysing på problemet, men det må vera lov å klaga på dette likevel. 

Sigve Wiedswang og Mathias Madsen Aaøyen tek oss godt imot, då BYMAG tek turen til Sammen-bustaden deira. Begge har budd i Grønneviksøren ei god stund og er svært nøgde med studentbygget. Det er billig, praktisk og sentralt, og godorda sit laust om busituasjonen. 

Bortsett frå èin ting. 

Det går alt for mange falske brannalarmar.

Her i Grønneviksøren Studentbustad har det gått nærmare 10 falske brannalarmar berre det siste halvåret.

– No er det ikkje morosamt lenger

– Det byrja som ein tulleting, ein slags «meme» om Grønneviksøren. Men no er det ikkje morosamt lenger, fortel Sigve og Mathias.  

Røykvarslarane i Sammen-bygga er svært sensitive, og dei falske brannalarmane går i eitt. 

– Det går vertfall to brannalarmar i månaden, seier Mathias. 

Sigve og Mathias innrømmer at dei er nervøse kvar einaste gong dei skal laga mat, fordi kjøkenviftene er så dårlege. 

– Eg og romkameratane mine har ei delt frykt for å utløysa alarmane, og at me skal måtte betala bota som følgjer, fortel Sigve. 

Mathias Madsen Aaøyen meiner røykvarslarane bør tåla meir. – Det bør vera mogleg å laga mat, utan at alarmane ular av litt steikeos, seier han.

– Det vert eit slags felles hat

For det er ei bot. Og den er stor. 

Heile 11 000 kr kan studentane risikera å måtte betala, dersom dei utløyser ein falsk brannalarm og brannvesenet må rykkja ut. 

Det er likevel ikkje bota som skremmer Sigve mest. 

– Mest av alt er eg redd for den audmjukinga som kjem av at to hundre menneske må evakuera på grunn av meg. Det er ikkje noko kjekt, forklarar Sigve medan han peikar på alarmen i taket.

Han har aldri sett dei skuldige som har utløyst alarmane, men har kjent på stemninga som oppstår kvar gong studentane må evakuera. 

– Det vert eit slags felles hat mot dei som utløyser alarmane. Det tykkjer eg er dumt, fortset Sigve.

Fleire studentar blir att i bygget

– Kva gjer de når brannalarmen går?

– Først bannar du. Også sukkar du, medan du kler på deg, seier Sigve. 

Mathias og Sigve stressar ikkje ut døra. Dei veit at alarmen mest sannsynleg er falsk.

Gutane fortel at dei kjenner fleire studentar som no blir att i bygget, fordi dei antar at det er falsk alarm. 

– Ein gong i framtida kjem alarmen til å vera ekte, og då er dette livsfarleg, seier Sigve. 

Sigve Wiedswang bekymrar seg for studentar som ikkje går ut frå hyblane sine. – Brannalarmane verkar nesten mot sin hensikt, seier han.

– Det blir eit slags ulv-ulv-opplegg

Marie Ringnes er blant dei som bur i Sammen-bustad på Fantoft. Også her går det hyppig falske brannalarmar. 

Marie tykkjer det er slitsamt å vera på alerten så ofte. 

No har alarmen ikkje gått på ei stund, så eg ventar berre på at den skal gå snart, fortel ho. 

Det bekymrar også Marie at studentane ikkje lenger tek alarmane seriøst.

– Det blir eit slags ulv-ulv-opplegg, der folk ikkje lenger går ut av bygget. Det er skummelt, seier ho. 

Marie Ringnes forberedar seg alltid på ny falsk alarm. – Det er slitsamt å ha det i bakhovudet heile tida, seier ho.

Er brannkurset godt nok?

Arvid Ristesund er områdeleiar hjå studentbustadene i Sammen. Han har ansvar for det praktiske brannvernsarbeidet hjå alle studentbustader i Bergen. 

– Korleis fungerer brannsystemet dykkar?

– Alle nye anlegg er direkte kopla til 110-sentralen, med ei forseinking på tre minuttar. Deaktiverer du ikkje alarmen på rommet ditt innan tre minuttar, kontaktast brannvesenet. 

Han fortel vidare at studentane ikkje får internett, før dei har gjennomført eit brannkurs som instruerer dei i kva dei skal gjera. 

– Brannkurset sitt innhald er me hundre prosent trygge på, seier områdeleiar Arvid Ristesund.

– Grunnen til at det går så mange falske alarmar, er rett og slett fordi studentane ikkje klarar å ta til seg den informasjonen som brannkurset gjev. 

– Er brannkurset godt nok, når fleire studentar ikkje veit kva dei skal gjera?

– Det er eit godt spørsmål, som me evaluerer heile tida. Me har diverre ikkje noko svar på korleis me kan gjera det betre. 

Usikre på kva dei skal gjera

Då journalisten spør Mathias og Sigve om dette brannkurset, ristar dei på hovudet. 

– I utgangspunktet må ein vel ta brannkurset for å få WI-FI. Men eg trengde ikkje det, så eg har aldri fått kurset, fortel Mathias.

Sigve har teke kurset, men kan ikkje seia han hugsar mykje frå det. 

– Eg trur det er mange som ikkje anar kva dei skal gjera når alarmen går. Ein får nok panikk av tanken på bota ein vil få, seier Sigve.

– Gjer folk noko uaktsamt, må dei betala bota

Arvid Ristesund forstår at studentane fryktar bøtene som kan koma.

– Eg vidarefakturerer dei tilfella eg kan, basert på rapportane som 110-sentralen skriv. Sammen kan dekka nokre rekningar, men gjer folk noko uaktsamt, må dei betala bota sjølve, fortel han. 

Noko han veit fungerer mot falske alarmar, er nettopp å fakturera studentane sjølve. Då spreier ryktet seg. 

– Det er ubehageleg å gjera det, men det må til. Det vert rart, dersom me heile tida skal dekkja rekningane deira, fortel områdeleiaren. 

– Det er som ei glødetang mot trommehinna di

Sjølv om Sigve og Mathias irriterar seg over alle alarmane, slit dei med å finna ei løysing.

– Det er vanskeleg å koma på ei løysing som ikkje senkar brannvernet. Men det må gjerast noko, for alarmane er heilt uuthaldelege. Det er som ei glødetang mot trommehinna di, fortel Sigve. 

Dei meiner Sammen bør gjennomføra hyppigare brannkurs, og nytta pisk i staden for gulrot. 

– Dei kan krevja meir av studentane som bur her, understrekar dei.

Mathias Madsen Aaøyen og Sigve Wiedswang meiner studentsamskipnaden må ta grep. – Sammen bør ikkje vera så slappe, seier dei.

Kjøkenviftene er irrelevant

– Kva tenkjer Sammen om at fleire studentar blir att på hyblane sine, fordi dei antar at det er falsk alarm?

– Det tek me på det største alvor. Når me har eit høgt antal alarmar, pleier me å senda ut informasjonsmailar som oppmodar studentane til å ta kurset på nytt, svarar Arvid Ristesund.

Ventilasjon og kjøkenvifter meiner likevel Ristesund er irrelevant for dei falske alarmane. 

– Mange studentar trur viftene er dårlege, fordi dei ikkje har motor. Både Fantoft og Grønneviksøren har balanserte ventilasjonsanlegg, som det ikkje er noko gale med, understrekar han. 

– Eg er på jakt etter ei løysing som ikkje finst

– Kva løysingar har Sammen på alt dette?

– Me har absolutt vurdert om studentane bør gjennom kurset fleire gonger i året. Problemet er dei flinke studentane, som vil bli leie av å måtte gjennomføra kurset igjen og igjen. Det er difor vanskeleg å finna ei konkret løysing på dette. 

Arvid Ristesund seier dei slit med balansen mellom hyppige informasjonkampanjar og «spam» frå Sammen. 

– Eg er på jakt etter ei løysing som ikkje finst. 

Sammen slit med å finna ei løysing som gagnar alle partar.
Powered by Labrador CMS