Innenriks

Emma Strand Haugen er ein av mange studentar som ikkje tek seg råd til å heim i påska. – Det føles utruleg kjipt, seier ho.

– Eg har ikkje råd til å koma meg heim

Studentar må betala i dyre dommar for å reisa heim til påske. – Det er jo like dyrt som ein sydentur.

Publisert

– Det blei nokre tårer, då eg innsåg at eg ikkje skulle heim til påske.

Emma Strand Haugen er ei heimekjær jente. Planen hennar var naturlegvis å reisa heim til påske.

– Men då eg såg prisane på flybillettane, innsåg eg at det vart for dyrt. Eg har ikkje råd til å koma meg heim, seier ho.

Flybillettar dyrare enn husleige

Emma Strand Haugen kjem frå Alta og studerer havbruk-sivilingeniør på Universitetet i Bergen. Ho fortel at studentøkonomien kan vera utfordrande.

– Ein må ha jobb ved sidan av studiane for at det skal gå rundt. Eg jobbar som studentmentor, i tillegg til at eg jobbar på eit stamfiskanlegg. Likevel er økonomien min som student avgrensa, fortel Emma.

Heile 13 000 kr kostar flybillettar tur-retur med Norwegian. Det er meir enn det Emma og kjærasten betalar i husleige.

– Me kunne rett og slett ikkje ta oss råd til det. Som studentar har me ikkje sjanse. Det er jo like dyrt som ein sydentur. Så det må bli Bergen på oss i påska, fortel ho.

Sambuaren til Emma er ifrå Bergen, og dette skulle vera deira første tur saman til Alta.

– Det føles utruleg kjipt. Eg hadde gleda meg til å ta han med og treffa venene mine, seier ho.

Prisane på flybillettar har stige jamnt dei siste åra. Det råkar spesielt studentane.

Aldri opplevd slike prisar før

I mars 2023 vart det kjend at flyprisane i distrikta vil bli kutta kraftig. Regjeringa skal redusera prisane på ei rekkje flyturar i distrikta frå 1. april 2024 med opptil 50 prosent.

– Eg håpar finansministar Trygve Slagsvold Vedum held det han lovar. I så fall får eg ta meg ein tur då, fortel Emma Strand Haugen.

Det er ein lang veg heim, og Emma fortel at ho har mykje heimlengsel.

– Som oftast reiser eg berre heim til jul og sommar. Å sjå familien min så sjeldan er tøft, seier ho.

Emma fortel at flybillettane opplevast som dyrare og dyrare for kvart år.

– Eg har aldri opplevd slike prisar før. Det er nok fleire enn meg som ikkje får reist heim, sidan det er så dyrt, seier ho. 

– Det er heilt normalt at prisane aukar

Eline Hyggen Skari er kommunikasjonsrådgjevar i Norwegian. Ho fortel at dei ikkje aukar prisane fordi det er påske, men at dei justerer prisane normalt basert på etterspurnad.

– ­Flyprisane er dynamisk avhengige av tilbod og etterspurnad, og det er difor heilt normalt med høgare prisar til påske, forklarar Skari.

Ho fortel at dersom ein bookar eit halvår i forvegen, vil prisen vera heilt annleis enn den er i dag.

– Dei billigaste billettane går først, og ventar ein for lenge så er det dei dyraste billettane som er att, seier ho. 

Norwegian kjem ikkje til å redusera prisane sine etter 1. april 2024, slik som andre flygingar.

– Norwegian har ingen FOT-ruter. Me er eit kommersielt flyselskap, som konkurrerer på denne strekninga med andre selskap, understrekar Eline Hyggen Skari.

– Som det meste i samfunnet har me også hatt ei generell prisauke på våre produkt dei siste åra, seier kommunikasjonsrådgjevar i Norwegian, Eline Hyggen Skari.

FOT-ruter

Det aller meste av flytrafikken i Noreg blir drive kommersielt. 

For å sikra eit godt flytilbod over heile landet, kjøper staten transport på flyruter som ikkje kan drivast bedriftsøkonomisk lønnsamt.

Desse FOT-rutene er hovudsakleg på Vestlandet og i Nord-Noreg.

 Kjelde: Regjeringen.no

– Det er vanskeleg å planleggja i forhold til skule

For studentar er det ikkje lett å bestilla eit halvår i forkant. 

– Ein anar ikkje om ein har eksamen den datoen eller ei. Det er ein sjanse ein må ta for å få råd til billettar heim, fortel Emma Strand Haugen.

Emma fortel at då veninna skulle heim til jul, måtte ho bestilla flybillettar ved skulestart i august.

– Om eg skulle hatt råd til å reisa heim til påske, så måtte eg bestillt flybillett før nyåret. Det er vanskeleg å planleggja i forhold til skule, forklarar Emma.

Fleire studentar droppar undervisning

Fleire studentar må droppa undervisning, fordi det er billigare å reisa på andre dagar. Ein som må gjera dette er økonomistudent Marius Stava frå Bærum. 

– Eg må reisa tilbake til Bergen nokre dagar seinare, fordi det er så utruleg dyre billettar. Det er nok mange som tek same valet som meg, understrekar han.

Han trur også skulane vil leggja merke til at det manglar elevar i dagane tettast påsken.

– Det vil vera tommare i forelesingssalane, seier han. 

– Eg reiser heim maks éin gong i løpet av semesteret, fordi eg ikkje orkar å bruka så mykje pengar på billettar, fortel Marius Stava.

Er ein av dei heldige

Musikkstudent Aleksander Setså kjem frå Bodø og fortel om ein trong studentøkonomi.

– Økonomien som student er ei tragisk historie. Men eg tenkjer meg no heim til påske likevel, seier han. 

Han skildrar flyprisane heim som hårreisande.

– Eg klarte få meg billettar tur-retur til under 3000 kr, så eg er ein av dei heldige, seier han.

Aleksander fortel om studentkompisar som har blitt heldt att i Bergen grunna jobb. 

Dei måtte betala heile 4000 kr for flybillettar.

– Då er det nesten ikkje verdt å jobba. Dei pengane er langt borte, fortel han. 

Aleksander Setså måtte leita lenge etter dei billigaste billettane heim til Bodø. – Eg var heldig, seier han.

– Eg må berre hosta opp dei pengane

– Har du nokon gong vurdert å ikkje reisa heim på grunn av prisane?

 – Ja, eg har tenkt tanken. Men eg har aldri klart å stå i det valet. Eg må berre hosta opp dei pengane, fordi eg har så lyst å reisa heim, seier Aleksander. 

Aleksander trur flyselskapa pushar prisane fordi dei kan. 

– Me som skal heim til Nord-Noreg må jo fly. Det kjennast difor ekstra kjedeleg for oss, avsluttar han. 

Powered by Labrador CMS