Kultur

Kari Grønnestad (71), Bjørg Hatlem (72), Britt Elin Mikalsen (68) og Guri Berg Titlestad (75) meiner fokuset på kvinnehelse er alt for dårleg.

– Eg har fått vita om ting som har feila meg i fleire år

Mange meiner at fokuset på kvinnehelse er for dårleg. – Dette er livsviktig kunnskap, som kunne redda mange kvinner frå å dø, seier lege Pernille Næss.

Publisert Sist oppdatert

Lukta av frukost og kaffi spreiar seg gjennom lokalet på Kvinnehelsehuset i Bergen denne onsdagsmorgonen. Bergen Sanitetsforening har invitert til foredrag om kvinnehelse, og knapt ein stol står tom. 

Praten flyt mellom kvinnene som har teke turen hit. For dei har noko til felles.

Dei engasjerer seg alle for kvinnehelse. 

Det var stort oppmøte på frukostforedraget på Kvinnehelsehuset.

Eit trygt fellesskap

Før foredraget sit kvinner i alle aldrar og pratar saman. Det er tydeleg at eit fellesskap som Kvinnehelsehuset har vore sakna.

– Me har ikkje hatt ein arena på denne måten før. Eit fellesskap der kvinner kan prata saman, lena seg på kvarandre og visa støtte. Det er viktig å kunne snakka om det som er vondt, utan å kjenna seg åleine, seier Iselin Kleppe Løvik (27)

Dei andre rundt bordet nikkar. Å ha ein sirkel med kvinner som lyttar, kjennast trygt. Her har ikkje alderen noko å seia.

– Eg blir så begeistra når eg pratar med dei unge kvinnene våre. Dei har så utruleg mykje omsorg for kvarandre, seier Astrid Borge (72).

Astrid Borge (72), Emma Robson (28), Iselin Kleppe Løvik (27) og Ragnhild von Streng (68) har sakna eit kvinneleg fellesskap.

– Eg trudde eg var opplyst, men så feil kunne eg ta

Kvinnene rundt borda fortel at dei tok turen hit, fordi dei ønskte meir kunnskap om kvinnehelse.

– Eg har jo fått vita om ting som har feila meg i fleire år. Eg trudde eg var opplyst, men så feil kunne eg ta, fortel Kari Grønnestad (71).

Dei eldre kvinnene skildrar fleire ubehagelege opplevingar hjå fastlegen.

– Når du reiser til fastlegen får du berre beskjed om at «bekkenløsning er heilt vanleg» og at «plager i overgangsalderen må du takla sjølv». Kvinner i helsevesenet må bli møtt med meir forståelse og omsorg, og ikkje minst med betre kunnskap om kvinnehelse. Det er livsviktig, understrekar Bjørg Hatlem (72).

Kari Grønnestad (71), Bjørg Hatlem (72), Britt Elin Mikalsen (68) og Guri Berg Titlestad (75) lærte mykje etter foredraget til doktor Næss.

Kjønn vert ikkje teken omsyn til

Kvinna som heldt foredraget på frukostmøtet er lege Pernille Næss. Ho har i si karriere hatt stort fokus på kvinneleg helse, og då ho vart spurt om å halda eit foredrag om tematikken var det ingen tvil.

– Det er store kjønnsforskjellar innanfor helse. Kjønn vert ikkje teken omsyn til i verken forskning eller klinisk behandling, forklarar Næss.

Legen fortel at det er mykje kunnskap om kjønnsforskjellane som aldri vert teken i bruk. 

Dette fører til at kvinner får dårlegare medisinsk behandling enn menn.

– Det er store skilnader i kva sjukdommar ein får og korleis dei framtrer i form av symptom. Kvinner får blant anna andre symptom på hjerteinnfarkt enn menn. Dette er livsviktig kunnskap, som kunne redda mange kvinner frå å dø, fortel Næss.

– Fokuset på kvinnehelse er for dårleg. Det vert rett og slett ikkje prioritert, fortel foredragsholdar Pernille Næss.

Dårleg behandling og mykje bivirkningar

Sjukdommar som rammar kvinner har ofte lågare status. Dei er gjerne kroniske eller autoimmune sjukdommar, som det tek lang tid å diagnotisera.

– Typiske kvinnesjukdommar er gjerne litt diffuse og har ofte like symptom. Det er vanskeleg å finna ut av kva det kan vera, så kvinnene blir eit slags puslespel for legane, forklarar doktor Næss.

Viss ein først får ein diagnose, hjelper det lite. Desse sjukdommane har sjeldan effektiv behandling.

– Behandlingar som blir gjeve har ofte mange biverknader, og det blir gjeve same ineffektive behandling over fleire år, seier legen.

Det var stille medan doktor Næss fortalte om alle dei ukjende sjukdommane. – Ein byrjar å lura på om desse sjukdommane ikkje har blitt forska meir på, nettopp fordi dei råkar kvinner, fortel foredragsholdaren.

– Fleire unge jenter vel å operera ut livmora si

Dei siste åra har debatten rundt kvinnehelse vore eit heitt tema. Legen trur mykje av grunnen til dette kan vera fordi folk no snakkar om ting som tidlegare har vore tabubelagt.

– Alt som har med underliv å gjera er tabubelagt. Mange kvinner går rundt med store smerter, som dei tenkjer er normale å ha fordi ingen pratar om det, forklarar Næss.

Tilstandar som endometriose har dei siste åra kome fram i lyset, nettopp fordi fleire har tort å snakka om det. Sverige har blant anna fått regionale endometriosesenter rundt i landet.

– I Noreg har det vore alt for lite fokus på endometriose. Det tek sju år å få diagnosen, og fleire unge jenter vel å operera ut livmora si fordi dei har så sterke smerter. Det er urovekkande, fortel legen.

Endometriose

Endometriose er ein tilstand, der vev som liknar livmorslimhinna veks utanfor livmorhola. Dette medfører for mange smerter, og tilstanden kan hjå nokon gjera det vanskeleg å bli gravid.

Kjelde: Helse Norge

Doktor Pernille Næss trur mange kvinner er flaue over å stå fram med desse sjukdommane. – Kvinner er redde for å dra til legen og få setninga «ikkje enda ei sliten dame som har vondt», fortel ho.

Ei nasjonal satsing

Edle Ørvig (65) er dagleg leiar i Bergen Sanitetsforening. Ho fortel at Kvinnehelsehuset i Bergen vart oppretta i 2021, som det første kvinnehelsehuset i Noreg.

– Desse husa er ei nasjonal satsing for å skapa fokus på kvinnehelse. I tillegg skal det vera ein treffstad som er trygg og god for kvinner i alle aldrar, fortel ho.

Kvinnehelsehuset er eit ope hus. Kven som helst kan koma inn for veiledning og råd.

– Me har både jordmødre og sosiologar, som kan bidra med gratis rådgjevning eller anna helsehjelp, som til dømes celleprøvar, seier Ørvig.

Kvinner i alle aldrar

Phoebe Dobey (34) er prosjekt- og aktivitetskordinator på Kvinnehelsehuset. Ho er takksam for at doktor Pernille Næss tok turen.

– Det var i fjor me byrja med slike forskningsfrukostar. Det er utruleg kjekt å kunne eta frukost, medan me høyrer på smarte folk som veit kva dei pratar om, seier Dobey medan ho smiler.

Vivian Skaten Nesse (47) er også aktivitetskordinator ved huset. Ho tykkjer det er kjekt at kvinner i ulike aldrar har teke turen hit i dag.

– At det har kome folk på tvers av generasjonar varmar hjarta mitt. Huset fyllast opp, og summingen i rommet er som musikk i mine øyrer, fortel Nesse.

Edle Ørvig (65), Vivian Skaten Nesse (47) og Phoebe Dobey (34) er stolte av både arrangementet og kvinnene som deltek.
Powered by Labrador CMS