Sport

Oppmøtet på trening er mykje større enn for to år sidan.

Frøya gjekk frå to til tretti på trening

Frøya har ikkje hatt damelag på ti år. No har dei meldt på både sjuar- og ellevarlag til vårsesongen.

Publisert

I Frøyahallen er trenar John Barry Wøllo klar for dagens trening. Damene spøkar og kosar seg medan dei knyt fotballsko og fester leggbeskyttarane. 

Dette har vore kvardagen til Wøllo sidan 2008. Etter vanskelege år har jentefotballen i Frøya endelig nok spelarar til å ha eit ellevarlag. 

– Folk sa at det ikkje var håp for jentefotballen, og at det berre var å gje opp. Me står her i dag kun fordi me har vore sta, seier trenar Wøllo. 

Frøya har ikkje hatt damelag på ti år. I vintersesongen 2022-2023 stilte dei med eitt sjuarlag, men Wøllo måtte mase for å få nok spelarar på kamp. I dag er dei 30 spelarar på laget, og har meldt på både sjuar- og ellevarlag til vårsesongen.

John Barry Wøllo (t.v.) og styremedlem Cathrine Ødegård til stades på trening. – Det er bra at klubben har fått augene opp for jentefotballen, seier Ødegård.

– Kven hadde ikkje gitt opp?

Etter korona merka trenar Wøllo stort fråfall i laget. Dei mista også mange gode spelarar til andre bergenslag, og til tider var dei ekstremt få på trening.

– På det verste var me berre to til tre jenter på trening, og me kunne ikkje stille reine årskull, seier han.

Det var ikkje berre mangel på spelarar. Wøllo sto i 2016 åleine som trenar for fem lag, men seier at han fortsette på grunn av jentene.

– Jentene er så viktige for meg at eg fortsatte. Sakte men sikkert byrjar me å bli lagt merke til. Nokon år på etterskot, seier han.

Trenar Wøllo (t.v.), lagleiar Frode O. Nilsen (tredje t.v.) og nestleiar Cathrine Ødegård (t.h) saman med deira einaste sponsor Jarle Samdal (andre t.v.).

Med på treninga er også lagleiar Frode Opstvedt Nilsen. Han seier at æra for laget sin nye oppgang, må gå til trenar Wøllo.

– Han har stått på trening i sludd med 5 jenter på bana i mange år. Det er heilt unikt. Kven hadde ikkje gitt opp det, spør Nilsen. 

– Vi er grådig grei 

Trenaren trur grunnen til at det har kome så mange nye det siste året, er på grunn av stemninga i laget.

Wøllo saman med dottera Emma Wøllo (t.v.), Ida Hermansen (andre t.v.) og Elise Kvaløy (t.h.) på tilskodarbenken. – Det er ikkje så viktig at me rykker opp, det viktigaste er at vi koser oss, seier jentene.

– Det er fordi vi er grådig grei. Vi var ein utruleg fin gjeng i utgangspunktet, og så har dei jentene invitert kjekke venninner av seg, og så plutselig var vi mange fleire, seier han. 

Sjølv når spelarane slit med skade, pleier dei uansett å stille på trening. Dei nye spelarane Elise Kvaløy (21) og Ida Hermansen (21) fylgjer dagens trening frå sidelinja, og stemninga på tribuna er god.

– Det er viktig å oppretthalde kontakten med laget og følgje med på utviklinga. Eg hadde jo vore her kvar torsdag uansett, så eg tenkjer det er ein fin måte å fortsatt å treffe laget på, fortel Kvaløy, som sit med gips på handa.

Hermansen er einig.

– Det er nesten best å sitte her, flirer ho.

Laget er svært sosiale, og likar å møtast utanom trening. Dei skal sjølvsagt sjå Brann vs. Barcelona på Åsane stadion saman.

Kvaløy og Hermansen er spent på korleis sesongen i det nyoppstarta laget blir.

– Det er mange nye spelarar frå forskjellige lag. Vi har merka allerede den siste månaden at det er stor framgang i laget, og vi lærer å kjenne kvarandre på ein heilt anna måte, seier Kvaløy.

– For dei som ikkje ynskjer å satse

Trenar Wøllo ynskjer at laget i hovudsak er for dei som synes sporten er kjekk. Vårsesongen i femtedivisjon blir spennande, men han seier at dei skal stå saman uansett resultat.

– Me har mange nye, men og gamle spelarar som har komt tilbake. Så resultata får bli som dei blir, fortel trenar Wøllo.

No som dei har meldt på både sjuar- og ellevarlag, sit trenar Wøllo igjen med eit luksusproblem. –Håper det ikkje blir for mange kampar, sånn at dei mistar interessa, seier Wøllo.

Det viktigaste, er at jentene kosar seg og har det gøy seier Wøllo.

–  Dette har eg lyst at skal vere ein samlingsplass for dei som ikkje ynskjer å satse. Me er her hovudsakeleg for å ha det gøy, og vi har blitt ein stor og fin gjeng, avslutter han.

Powered by Labrador CMS