Stor røyksky og flamme frå fakkel under nedstenging av anlegget.

Brannen på Mongstad: No skal den granskast av Havindustritilsynet

Publisert Sist oppdatert

4 ansette frå Havindustritilsynet er på plass på Equinor sine anlegg i dag for å granske brannen som oppstod torsdag 15. februar. Dette fortel Havindustritilsynet si pressetalskvinne Eileen Brundtland til BT.

I førre veke rykka naudetatane ut til varslinga av ein brann inne på anlegget, skreiv Vest politidistrikt på X. Røyken vart fyrst oppdaga i eit skap i ein elektrokiosk for strømforsyning inne på raffineriområdet, før flammane vart synlege. Dette førte til at anlegget vart stengt ned og alle utanom driftskritisk personell vart evakuert. Brannen vart slukka rundt halv fire same dag. 

No skal brannen granskast av Havindustritilsynet. Dei skal undersøkje hendelsesforløpet, aktuelle årsaker for hendinga og sjekke for eventuelle avvik, seier Brundtland til BT. 

Powered by Labrador CMS