Innenriks

Her jamnar Eivind Myrdal (55) ut fôret til sine 18 mjelkekyr. På garden har han også sauar.

– Inntekta må opp dersom me skal drive gard

Førre veke kom ein ny plan for å auke gjennomsnittslønna og sjølvforsyninga i norsk landbruk. Bonde Eivind Myrdal (55) meiner at dette er enklare sagt enn gjort.

Publisert

Den åttande mars la regjeringa fram ein ny plan for å auke sjølvforsyninga ifrå 40 til 50 prosent. Dette skal skje igjennom å auke effektiviseringa og få lønna til bonden så nære gjennomsnittslønna som mogleg. Bonden Eivind Myrdal er glad for at det er på dagsordenen, og mener at det er naudsynt for at ein skal ha bønder i framtida.

– Inntekta må på eit eller anna vis gå opp, visst vi skal få nokon til å drive med matproduksjon i framtida. Eg har 18 mjølkekyr tilsvarande arbeid for to heiltidsstillinger. Og visst du skulle hatt to jobbar med same inntekt som meg, så hadde du slutta, seier bonden.

Myrdal overtok garden av sin far i 2004. Tradisjonen går vidare, dersom sonen framleis ynskjer å ta over når Myrdal er klar for pensjon.

– To ting må på plass

Myrdal meiner at kravet til 50 prosent sjølvforsyning er urealistisk, med tanke på produksjonsmengda i Noreg.

 Er det nok produksjon i landet?

– Nei, eigentleg ikkje, for vi har jo berre 40 prosent sjølvforsyning. Og det er jo forsikringen vår. Viss du hadde hatt like stor andel i forsikring på huset ditt, så ville du jo ikkje brukt den. Sånn er det med mat også, forklarer han.

Myrdal har sjølv tankar om kva som må til for at planen til regjeringa skal fungere.

– Det er eigentleg berre to ting som må på plass. For det første må vi få selt maten, altså vi må ete meir norsk mat. Og så må det bli ein økonomisk gevinst til bonden, fortel han. 

Mjølketanken held dei dyrebare literane kalde. Myrdal fortel at han tjener om lag seks kroner literen.

Vidare, fortel han at han ikkje skal snakke ned næringa, men at ein må allikavel tenke rasjonelt. 

– Eg er ikkje veldig negativ, men me må vere litt realistiske. For det er mest mandagar i året, seier Myrdal.

På garden har Myrdal atten mjølkekyr. Dei må kalve minst ein gong i året for at dei skal kunne mjølkast.

– Ufortent rykte

Martin Vatne, rådgjevar for tradisjonelt landbruk i Bergen kommune, kan fortelje at det er tilskota som blant anna må auke for at planen til regjeringa skal fungere.

Rådgjevar for tradisjonelt landbruk i Bergen kommune, Martin Vatne, meiner vi må satse meir på mattryggleik.

– Det er ved å justere satsane på dei statlege tilskota, blant anna produksjonstilskotet, at ein kan auke gjennomsnittsinntekta til bøndene. Og fokuset må vere på produksjon.

Med krig og uro i verda, meiner han at det er viktig at me tenker langsiktig.

– Det faktum at det er uro ute i verda no, gjer at det er korttenkt å ikkje satse på mattryggleik. Vi må ta vare på dei som driv tradisjonelt landbruk, og styrke jordvernet lokalt viss ein skal nå slike mål, seier Vatne.

Han peiker også på at haldningane til folket må endrast, for at bøndene skal få den merksemda og difor den endringa dei ynskjer.

– Bøndene må jo få den respekten dei fortene, for eksempel ved høgare løn for arbeidet. Men og ved å tette kunnskapsgapet hos folk generelt. For landbruket har jo eit ufortent rykte spør du meg i alle fall, med å vere klimaversting i høve til andre næringar, til dømes.

– Den store klimasyndaren

Myrdal nemner også at folket har feil inntrykk av bøndene.

– Eg er redd vi blir sett på som klimasyndarar. Om nokre dagar skal eg på foredrag om kua, den store klimasyndaren. Men er det den store klimasyndaren? Er den ikkje løysinga, då? Spør Myrdal. 

Myrdal bygga ut til lausdrift i 2018, og har ein mjølkerobot som effektiviserer gardsdrifta.

Trass alle problema og den vanskelege tida i næringa, svarer han godt på kvifor han vel å fortsetje likevel.

– Det er jo gleda av å skape noko, få det til å gro og vokse. Gleda av å sjå kalven vakse og bli til melkekyr. Og så har eg jo ingen dyr for å vere snill med dei, men eg skal vere snill når eg har dei! Konkluderer Myrdal.

Powered by Labrador CMS