Sport

Det var ingen ledige felt igjen klokka 13:08.

Billettane til Brann sin kvartfinale mot Barcelona, vart utseld på flekken.

Billettane vart rivne vekk på under 10 minutt.

Publisert Sist oppdatert

Det tok berre åtte minutt før billettane til Champions League-kvartfinalen mellom SK Brann Kvinner og Barcelona vart utsolgt. 

Dei med sesongkort for kvinnelaget fekk fyrste sjanse på billettane, og billettane for dei med sesongkort for Brann sitt herrelag vart tidlegare i dag rivne vekk på to minutt, skriv SK Brann Kvinner på X. 

Det var 1000 tilgjengelege billettar på det opne salet, men over 5000 prøvde å få tak i dei. Kampen får ikkje gå på Brann Stadion, kvar det for augneblinken arbeidast med å leggje nytt grasdekke. 

Kampen skal haldast på Åsane arena den 20.mars. 

Arenaen har kun kapasitet til 3700 tilskodarar, som dessverre ikkje rommar alle som ynskjer å sjå kvartfinalen.

Powered by Labrador CMS