Kokevarsel er oppheva på Bønes. Foto: Skjermbilete Bergen kommune
Melding
Måndag føremiddag vart kokevarselet på Bønes oppheva.
Onsdag 21. februar vart det gjort små funn av indikatorbakteriar etter ein rutineprøve teken på Bønes. Fredag 23. februar fekk 4221 personar anbefaling om å koke vatnet sitt.
Måndag kom resultat frå prøvene teken på fredag, og viste ingen teikn til bakteriar.
Difor kan vatnet no friskmeldast, opplyser Bergen kommune.
BA omtalte saken først.